Leiar i Ørsta Røde Kors, Helge Vatne, leiar i Søre Sunnmøregruppen av NRRL, Thor Olsvold-Hansen, sambandsleiar i Røde Kors, Børulf Lefdal og radioamatør Svein Jarle Moe.
Ørsta Røde Kors har starta eit samarbeid med lokale radioamatørar. I ein krisesituasjon skal HF-radioar kunne brukast til å kommunisere ut over kommunegrensene.
I mange år har lokale radioamatørar kommunisert på tvers av kommune-, fylkes- og landegrenser med sine høgfrekvente radioar. I hus med høge antenner på mønet snakkar dei på hobbybasis med likesinna i inn- og utland via radioapparata sine. Denne kompetansen skal no Røde Kors dra nytte av.
I beit for klubblokale, har dei lokale radioamatørane i Søre Sunnmøregruppa av NRRL (Norsk Radio Relæ Liga) fått avtale om å bruke Røde Kors sine lokale til møter og radioprating. Samstundes skal radioklubben i samarbeid med Røde Kors kjøpe inn nytt radioutstyr som begge kan nytte seg av.